-
I dei bratte liene langs Sognefjorden finst det fantastiske moglegheiter for fruktdyrking. På ein av desse grøderike stadene finn du garden Ølmheim, som har vore i familien i godt over 300 år. Eple har me alltid hatt – men no blir dei servert på flaske.
-
Sigrid vaks opp som odelsjente på Ølmheim og har eit nært forhold til både landskapet og fruktdyrkinga. Endre er lidenskapeleg vininteressert og har eit vinstudium frå London i bagasjen. Begge har me store visjonar og mykje pågangsmot!
-
Me er livsnytarar og elskar god mat og drikke. Difor er livsprosjektet vårt å få deg til å smile av gode smakar – og å skape opplevingar som gjer at du kjenner deg heldig. Me lagar sider på ein langsam måte, og det får fram det beste i dei fantastiske epla me har her i Noreg.