Sider

Me lagar moderne, naturleg og tørr sider, med minimal bruk av tilsettingsstoff. Sidrane våre vert modna både på tank og på flaske, og me tilset ingen sukker under gjæringa.
Sider frå Ølmheim siderhage har berre naturlege bobler. Alle sidrane våre har høg friskheit og eignar seg svært godt til mat.

Stille sider

  • Ein stille sider laga av Discovery-eple, med 5 % alkohol og 12 gram sukker per liter. Den har ein fruktig og lett sødmefull aroma med tonar av eple og blomster, og ein konsentrert smak med god syrebalanse.

    Du finn Stille sider i garsutsalet, i Vinmonopolets bestillingsutval og som hyllevare på utvalde pol.

Pét nat

  • Ein perlende sider laga av Discovery-eple, med 6 % alkohol og under 3 gram sukker per liter. Den er tørr med frisk syre, og byr på aroma av eple, sitrus, urter og blomster.

    Du finn Pét Nat i garsutsalet, i Vinmonopolets bestillingsutval og som hyllevare på utvalde pol.

Tradisjonell metode

  • Laga på Gravenstein-eple, med 6,5 % alkohol. Denne sideren gjennomgår andregongsgjæring på flaske etter tradisjonell metode, noko som gir ein frisk drikk med tydeleg fruktpreg og lagringsaroma.

    Tradisjonell metode er berre til sals i gardsutsalet vårt.

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Meir informasjon finn du her.